Gloppen-kalenderen har flotte motiv frå heile kommunen.

Ny kalender er i handelen

Gloppen-kalenderen 2019 er no i handelen.

Dei siste åra er det Dagfinn Nyhammer som har hatt ansvaret for få kalenderen ferdig.

Inntekt til GFIL

– I tillegg til å selje kalenderen på Intersport og i sparebanken, har ein del gått rundt på dørene og selt han. Opplaget er på kring 700 kalendrar, og målet vårt er å skaffe inntekter til Gloppen Friidrettslag, seier Nyhammer, og legg til at alt arbeid blir utført som dugnad for laget.

Han brukar å ta kontakt med fotografar og spør om løyve til å få bruke bileta deira i kalenderen.

– Eg prøver å plukke ut bilete frå ulike deler av kommunen. Samtidig prøver eg å finne motiv som høver til ulike årstider. Det er kjekt å få presentere så mange dyktige fotografar. Fotoapparata no til dags er også gode, og det finst mange flotte motiv ute i naturen, seier han.

Nyhammer reknar med at GFIL har laga Gloppen-kalenderen i snart 20 år.