Ny gåve til hallen på Skei

Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.





Laila Tefre, leiar i Jølster Idrettslag, og medlem i prosjektgruppa Bjørn Anders Steinsund møtte i dag i banken for å få overrekt gåva til hallen på Skei.





Glade mottakarar





–  Denne gåva er ein viktig del av den private finansieringa og vil hjelpe oss på vegen for å få realisert storhallen i Jølster, seier Laila Tefre. Hallen er først og fremst viktig for lokalsamfunnet i Jølster, men Skei ligg midt i fylket og hallen vil også kunne fungere godt som møtepunkt og turneringsstad for eit stort geografisk område.





–  Det er gledeleg å vere med å støtte dette prosjektet. Vi håpar vårt bidrag vil kunne få andre med på spleiselaget slik at hallen blir ein realitet, seier banksjef i Sunnfjord, Roy Stian Farsund.





Frå før har det blitt kjent at nyleg avlidne Arne Sunde på Skei hadde testamentert ein million til prosjektet.