Ny driv for STIL-herrane





 




Magne Larsen har ein klar plan for korleis han skal ta tak i jobben som ny A-lagstrenar for herrelaget til Sandane turn- og idrettslag.





– Det er ein spennande, men utfordrande jobb. Denne sesongen fokuserer vi ikkje på opprykk, men på å stabilisere oss. Vi må tenkje langsiktig, hevdar Magne Larsen.





Gutar mot menn





– Fleire av gutane kjenner eg frå andre samanhengar, og det blir kjekt å følgje dei vidare og sjå kor langt dei kan utvikle seg. Det har vore eit solid generasjonsskifte i klubben, då er det ein fordel å kjenne spelarane, seier Larsen.





Den nye A-lagstrenaren fortel at det somme tider kan bli gutar mot menn for det unge herrelaget denne sesongen, men laget har med nokre rutinerte spelarar.





– Den største utfordringa vår i år blir nok at laget møter ein god del vaksne spelarar med lang erfaring. Vi får møte musklar med klokskap og springestyrke. Eg har eit veldig godt støtteapparat rundt meg, eit bra team står rundt A-laget. Særleg spennande vert det å få kompetansen til Torbjørn Glomnes som rådgjevar inn i klubben, fortel Magne Larsen.





Langsiktige mål





– Mange unggutar veks raskt når dei får meir plass, og nokre greier å ta det ansvaret dei må når mengda aukar. Vi har eit ønske om å utvikle både spelarar og lag vidare, og vil jobbe med det lagmessige for å utnytte dei ressursane vi har, seier Larsen.





– Vi skal vere eit spelande lag. Vi skal tore å ha ballen, og det skal vere synleg på bana korleis vi ønskjer å spele. STIL fotball skal vere ein breiddeklubb, men vi har samtidig som mål å kome eitt steg høgare opp. Det er blitt jobba godt dei siste åra, og eg vil vidareføre mykje av det Torbjørn Gran har gjort, i tillegg til at mykje vert fastlagd i styret. Det viktige no er å byggje opp noko som kan vare lenge, slår Larsen fast.





Magne Larsen fortel at klubben skal gi eit tilbod til alle, men vil òg hjelpe til med å utvikle dei enkeltspelarane som ønskjer det.





– Herrelaget har mange unge gutar med mogelegheit for å nå langt. Det er min jobb å leggje til rette for det.





Godt lagmiljø





– Dette er ei samansveisa gruppe som kjenner kvarandre godt. Dei er gode kompisar, noko som gir grunnlag for eit godt lagmiljø. Her handlar det om å springe for kompisen sin, seier han.





Trenaren fortel at laget har som kortsiktig mål å gjere det best mogeleg frå kamp til kamp, og ta seg tid til å fokusere på prestasjonane til laget.





– Det er ein skilnad frå gut til senior på den måten at resultata tel på ein mykje tøffare måte. Vi må jobbe med å leggje eit godt grunnlag for dei komande åra, fortel Magne Larsen.





Frå førre sesong har det vore mykje utskifting i spelarstallen.





– Ein del har reist bort på skule, særleg 99-årgangen. Desse vil vi jobbe for å få tilbake til STIL etter kvart. Vi har òg nokre spelarar som lenge har vore trufaste for klubben som no vil satse på eit høgare nivå i andre klubbar. Det støttar vi dei sjølvsagt i, smiler Magne Larsen.