Heim   >   Nyhende   >   Ny bankløysing gjer at pengane blir overførte umiddelbart

Illustrasjonsfoto.

Ny bankløysing gjer at pengane blir overførte umiddelbart

No blir det rulla ut ei ny bankløysing som skal sørgje for at kundane kan overføre og få pengar umiddelbart, utan forseinkingane som er der i dag.

I dag skal bankane gjere opp for seg før mottakaren får pengane inn på konto, men avrekninga mellom bankane blir berre utførte fem gonger i døgnet på alle virkedagar. Det gjer at overføringar av større beløp eller overføring på heilagdagar kan ta tid.

No skriv E24 at ei ny løysing, betalingsformidlaren Nets har laga på oppdrag frå Bankenes Standardiseringskontor og Noregs Bank, skal gjere at pengane blir overførte umiddelbart. Løysinga blir tilgjengeleg ein gong det neste halvåret.

Med den nye løysinga skjer oppgjeret mellom bankane i sanntid.

– Dette er eit stort steg mot ein betalingsinfrastruktur i Noreg som svarer på forventningane til kundane om betalingar i realtid, seier dagleg leiar i Bits, Eivind Gjemdal i ei pressemelding.

(©NPK)