Illustrasjonsfoto: Eidsfossen kraftstasjon.

NVE: Klimaendringar vil gje kraftig vekst i norsk vasskraft

Ekstra nedbør grunna klimaendringar vil i år medføre at norsk vasskraftproduksjon aukar. Straumen vil dekke årsforbruket til 175.000 husstandar, anslår NVE.


Det er Klassekampen som legg fram tala frå Noregs Vassdrags -og energidirektorat (NVE) sine analysar av den nordiske kraftmarknaden fram mot 2040.


Klimaendringane vil gjere at det berre vil bli våtare og våtare framover, og det vil få følgjer for norsk vasskraftproduksjon – og har allereie fått det.


Nedbøren klimaendringane har medført i 2019, har gitt ein ekstra vasskraftproduksjon på 3,5 terawattimar i år, som ville gitt 175.000 husstandar straum i eitt heilt år. Skulle vindmøller på land dekt same behovet, måtte ein hatt 400 møller.


På lengre sikt anslår NVE at det kjem til regne så mykje meir at den årlege veksten i nordisk vasskraftproduksjon kan bli på heile 12 terawattimar, av dei 11 i Noreg, fram mot 2040. Anslaget er likevel på 6,3 terawattimar ekstra vasskraft.


Utgangspunktet for utrekningane for klimaeffekten på vasskraft er at verda blir i snitt 4,5 grader varmare i 2100, noko som er sannsynleg, men ei dyster framtidsutsikt. (©NPK)