Det kan vere mogleg å gå på isen med skøyter i påsken, men det er viktig å sjå om isen er tjukk nok Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

NVE: Gode isforhold i påskefjellet – svekt is bekymrar

Enkelte stader i påska er isen svekt, både frå sør i Troms og sørover, og dessutan på Vestlandet. I påskefjellet er det likevel gode isforhold i heile landet.


– Vi er ikkje bekymra for isen i påskefjellet. I områda med stor påskeutfart i fjellet er det gode isforhold, men som alltid er det usikker is der vatn strøymer under isen.


Det seier Ånund Kvambekk, isvarslar i NVE. NVE åtvarar likevel om at isen likevel blir farleg i fleire populære skiutfartsområde i skogsområda i påska.


Det er vårisdanning som bekymrar isvarslarane. Når isen er snøfri, vil vårsola gradvis bryte ned isen, og det er meldt mykje sol i påskeveka i Sør-Noreg.


– Bereevna til vårisen kan vere god etter nattefrost, men når temperaturen stig mister han brått bereevna, typisk rundt klokka 11, seier Kvambekk.


«Barn har ingen forutsetning for å forstå at mørk våris er ekstremt farlig. Bor du nær en liten pytt eller elv, så snakk med barna om dette. Ta dem gjerne med til vannet og vis hvor svak isen er. La de holde hånden i vannet og kjenne hvor fort de blir kalde». skriv varslingstenesta Varsom på heimesidene sine.(©NPK)