Frå ein flaum i Sandane sentrum. Arkivfoto.

NVE avblæs faren for storflaum i store delar av landet

Varmt vêr dei neste dagane gjer at NVE avlyser faren for storflaum over det meste av landet. Det einaste unntaket er Finnmark.


– Vêrutviklinga den siste veka og ikkje minst dei neste dagane, med varmt vêr utan nedbør, er særleg gunstig med tanke på å unngå ein stor flaum, seier vakthavande hydrolog Knut Ola Aamodt ved flaumvarslingstenesta i NVE til Adresseavisen.


– Dei einaste vassdraga der det framleis er fare for flaum utover normalflaum, er Alta- og Tana-vassdraget, seier han.


For ei veke sidan meinte NVE det var 95 prosent sjanse for stor vårflaum i Nord-Noreg. Sannsynet for ein slik flaum i Aust-Noreg vart estimert til 75 prosent.


– Det ser ikkje ut å bli dramatiske situasjonar med store skadeflaumar. Vêrprognosane for dei neste sju til ti døgna viser at det ikkje blir regn i dei utsette områda. Dermed vil smeltinga av dei store snømengdene i fjellet gå gradvis, seier Aamodt til TV 2.