Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

NTNU-forskarar: Lærarane sviktar dei svakaste elevane





Ny forsking frå NTNU basert på korleis elevar opplever skulekvardagen, viser at jo betre karakterar elevane har, desto meir støtte opplever dei frå læraren sin.





I ein treårsperiode fram til 2018 har forskarar ved NTNU spurt 1.250 ungdomsskuleelevar ved 12 ungdomsskular og omtrent 2.500 elevar ved 13 vidaregåande skular i Trøndelag om korleis dei opplever støtta frå læraren, skriv Klassekampen. Kryssjekka mot karakterar viser tilbakemeldingane at fagleg sterke elevar får meir lærarstøtte, emosjonelt og fagleg, enn fagleg svake elevar.





– Vi ser at det ikkje å bli sett av læraren også fører til at elevane har fleire tankar om å slutte. Manglande lærarstøtte kan dermed vere ein sterkt medverkande årsak til fråfallet, seier Per Egil Mjaavatn ved Institutt for pedagogikk og livslang læring ved NTNU til avisa.





Lærarane sviktar dei fagleg svake elevane og hjelper dei mindre både i ungdomsskulen og etter kvart på vidaregåande skule, mens dei som har betre karakterar opplever meir støtte og merksemd frå læraren. Skilnaden er størst i tredje klasse på vidaregåande, på studiespesialiserande fag og noko mindre på yrkesfag der klassane er mindre. (©NPK)