Home   >   Nyhende   >   NSB har kasta over 400.000 fleecepledd sidan 2014

Illustrasjonsfoto: Lise Åserud/NTB scanpix/NPK.

NSB har kasta over 400.000 fleecepledd sidan 2014

NSB har sidan 2014 kasta meir enn 400.000 fleecepledd etter at dei har vore brukte éin gong.

Det melder NRK.

NSB tilbyr ein pakke med øyreproppar, andletsmaske, pute og fleecepledd til alle som reiser med nattoga deira. Kundane får sjølv velje om dei vil ta med pledda heim etter turen, eller la dei liggje igjen på toget.

Av pledda som har vorte liggjande igjen på toget sidan 2014, har 415.350 vorte kasta, mens 223.650 har vorte gitt til velgjerande føremål.

NSB opplyser til NRK at eingongsposane genererer om lag 2.000 kilo avfall kvart år. Alt som er av plast og papp blir resirkulert.

– Vi skulle sjølvsagt ønskje at ein større del av desse teppa kunne bli brukte på nytt. Alt som er mogleg å gjenbruke blir gjenbrukt. Vi samlar inn til velgjerande organisasjonar, og vi synest det er kjempefint at dei teppa som blir brukte, blir brukte på nytt, seier kommunikasjonssjef Gina Scholz i NSB til NRK.

Ho seier vidare at selskapet arbeider med tiltak for å skape mindre avfall. (©NPK)