Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

NRK vil ha eitt distriktskontor per fylke

Leiinga i NRK opnar no opp om omorganiseringa i allmennkringkastaren. Målet er eitt distriktskontor per fylke.


Tillitsvalde i NRK har uttrykt motstand mot at det truleg blir reduksjon i talet på distriktskontor etter fylkessamanslåinga ved nyttår. No lettar NRK-leiinga på sløret om prinsippa for omorganiseringa, fortel Medier24.


Etter ei høyring i organisasjonen, har leiinga kome tilbake med tre forslag til organisering: distriktskontorstrukturen skal tilpassast samfunnsutviklinga for å spegle Noreg og løyse oppdraget best mogleg, NRK skal som hovudregel ha éi organisatorisk eining per fylke, men det er opning for at ei eining har ansvar for fleire fylke, og redaktøransvaret for eininga skal vere tydeleg. Lokal redaksjonell leiing skal tilpassast behov og oppdrag.


Ved nyttår blir talet på fylke i Noreg redusert til 11. Forslaget til NRK-leiinga betyr at fleire distriktskontor blir slått saman. I dag har NRK 15 distriktskontor.


– Eg kan ikkje slå fast at dei blir slått saman, der skal vi gjennom ein vidare prosess. Men vi kjem til å jobbe vidare for at det blir éi organisatorisk eining, som blir leia av éin distriktsredaktør i dei fylka, seier distriktsdirektør Marius Lillelien i NRK til Medier24.


Viken, Vestland og Troms og Finnmark er dei største av dei nye fylka. Dels med store geografiske avstandar og dels med stor befolkning. Det blir òg ein ny situasjon i Vestfold og Telemark. Noko av utfordringa for NRK blir å vere til stades lokalt, samtidig som dei skal ha ein redaktør som er ansvarleg for heile det nye fylket. (©NPK)