Forbrukarrådet seier at det skal mykje til for at lisensbetalarane får avslag på avgifta grunna NRK-streiken. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix.

NRK-streiken gir ikkje avslag i lisensen

Lisensbetalarar har truleg ikkje krav på avslag på grunn av NRK-streiken, meiner Forbrukarrådet.


– Sjølv om mange saknar sine favorittprogram, vil ein lovleg streik vanlegvis ikkje gi krav på erstatning. Det skal mykje til før det kan bli tale om avslag i lisensen. NRK har framleis programtilbod, sjølv om det ikkje er fullstendig program, seier leiaren for forbrukardialog i Forbrukarrådet, Pia C. Høst, til Kampanje.


Ho legg til at det stiller seg annleis med lisensen enn vanlege kommersielle abonnement.


– Det er ikkje uaktuelt at kunden kunne ha hatt krav på eit prisavslag ved vesentleg redusert tilbod i perioden på bakgrunn forhandlingsbrot. Men NRK-lisensen skil seg ut ved at den ikkje er eit abonnement, så det er også tvilsamt om ei slik årsak til dårlegare programtilbod kan føre til redusert lisens.


Forbrukarrådet har ikkje registrert nokon klager frå sjåarane som følgje av streiken.


– Saker om TV går til Brukarklagenemnda for elektronisk kommunikasjon, og vi har ikkje fått nokon meldingar i samband med denne streiken, seier Høst.


Heller ikkje Kringkastingsrådet har fått inn mange klager. Hittil har det komme inn seks meldingar knytt til streiken, opplyser spesialrådgjevar Erik Skarrud i NRKs juridiske avdeling. (©NPK)