NRK SommarLutt flyttar frå scentrumscena og inn på festivalområdet til Malakoff. Både fredag 14-17 og laurdag 14-16 vert det radiosending med NRK SommarLutt på NRK Sogn og Fjordane. Dette bildet er frå sendinga frå scentrumscena i fjor. Foto: Stian Sjursen Takle.

NRK SommarLutt direkte frå festivalområdet til Malakoff

I år flyttar NRK si sending på Malakoff frå sentrumscena og inn på festivalområdet. Det blir SommarLutt direkte på radio med liveartistar som Eva Weel Skram, Oselie og Sofia Hyttedalen.

For tiande året på rad er NRK på plass med eiga sending frå Malakoff Rockfestival. Men i år vert sendinga flytta frå  sentrumscena på Nordfjordeid og inn i eit eige lite NRK-telt på festivalområdet.

Levande radiosending
- Vi og Malakoff har lyst å prøve noko nytt etter ti år på sentrumsscena. Denne gongen satsar vi på å lage to levande radiosendingar med livemusikk frå dei ulike scenene, det blir artistgjester, og vi skal sjølvsagt ut og møte publikum, arrangørar og frivillige. Målet vårt er å lage god radio for alle, frå det som er blitt ein av dei største festivalane i landet.

Det seier programleiarane for sendinga, Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro i NRK Sogn og Fjordane.

Gler seg til festivalradio
- Eg gler meg veldig til å oppleve NRK Sommarlutt direkte frå festivalområdet i år. Eg trur på mange feiande flotte konsertar og intervju på direktesendt radio over to dagar på Malakoff18. Det seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival.

Stjernegjester

På fredag 20. juli går heile dagsendinga til NRK Sogn og Fjordane direkte frå Malakoff mellom klokka 14 og 17. Der kjem fleire av artistane som skal opptre på festivalen innom

- Vi inviterer også publikum bortom for å få med seg litt av sendinga eller berre for å slå av ein prat, seier programleiarane som gler seg til å møte blide festivalfolk på Malakoff. Sendingane går direkte frå eit eige NRK-telt som ligg mellom dei to store scenene på festivalområdet.



Livemusikk

På laurdag blir det livekonsertar frå Malakoff direkte i NRK SommarLutt-sendinga mellom klokka 14 og 16. Då vil du få oppleve lokale artistar som Sofia Hyttedalen, Oselie og ikkje minst Eva Weel Skram live på scenene til Malakoff. Dei kjem sjølvsagt også innom NRK-teltet som gjester. Det gjer også Kjartan Lauritzen som skal avslutte heile festivalen på laurdagskvelden. Det blir også direkterapportar frå festivalområdet.

Du høyrer sendingane på DAB, mobil, nettradio eller der du ellers høyrer radio.

Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle vert programleiarar i NRK-teltet frå Malakoff i år. Dei får besøk av artistar, det vert livemusikk frå scenene og det vert direkterapportar frå festivalområdet. Pressefoto.