Therese Johaug går for gull i ski-VM, som blir sendt på NRK TV, radio og nett-TV Her frå NM i Meråker. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

NRK satsar stort i ski-VM





14 millionar kroner, 60 tilsette i Austerrike og nesten 60 timar TV-sending. Dekninga av ski-VM i Seefeld er det største prosjektet til NRK-sporten i år.





Når VM startar i Austerrike 19. februar, er NRK som vanleg på plass. Statskanalen sender alle øvingane direkte på TV, radio og nett-TV, og på kvelden vil det vere eigne sendingar for medaljeseremoniane. Endå litt seinare vil Ida Nysæter Rasch leie programmet «VM-kveld» frå torget i Seefeld.





Som tidlegare vil det kome daglege humoristiske innslag frå Nicolay Ramm. Både norske og utanlandske medaljevinnarar blir å sjå i VM-studioet.





Prisen for det heile er på omtrent det same som i tidlegare meisterskap.





– Budsjettet vårt er på 14 millionar. Det er heile prosjektet og inkluderer alt av utgifter knytt til meisterskapet, seier redaksjonssjef Janne Fredriksen i NRK Sport til NTB.





Ho meiner det er verdt pengane.





– Ja, publikum har så høgt konsum av ski-VM at eg må svare ja på det. Vi har sjølvsagt eit ansvar for å bruke lisenspengane fornuftig, men alle tal frå tidlegare tilseier at konsumet av innhald frå slike meisterskap er så stort at eg meiner at det er verd det.





Største prosjekt





Totalt vil det bli i underkant av 60 timar frå ski-VM, som blir den største operasjonen for NRK Sport i 2019.





– Vi vil ha rundt 60 personar på plass i Seefeld, opplyser Fredriksen.





Ho fortel at sidan det er ei utfordring å nå ut til dei yngre publikummarane, satsar NRK vidare på sosiale medium.





– Alt handlar om å gi eit fullverdig tilbod til det norske folk. Sosiale medium blir ein stad for å gi folk dei største augneblinkane og dei gode historiene.





Samtidig viser tal at dei fleste konsumerer VM på TV.





– Live idrett ligg i botn som viktigaste premiss for alt vi gjer. Samtidig er interessa for historiene rundt også stor. Vi skal vere tett på dei store profilane, og så har vi sjølvsagt ei stor satsing på Ramm, som veldig mange liker veldig godt.





Ingen bekymringar





Mykje i NRK-sendingane vil altså vere likt tidlegare meisterskap. Ei lita endring av året er at hoppkommentatorane på radio sit i Noreg. TV-kommentatorane er derimot til stades i Austerrike.





Frå OL i fjor manglar Marit Bjørgen, som la opp etter 2017/18-sesongen. Nyleg kom det tal som viste at interessa for langrenn er dalande i media etter at Petter Northug sette karrierestrek. Det bekymrar ikkje Fredriksen.





– Eit VM er ein arena der nye profilar kan ta steget opp. Eg er ikkje veldig bekymra med tanke på interessa for ski-VM, nei. Men det er vanskeleg å seie på førehand. Ein mistar jo noko når to så store profil som Northug og Bjørgen er borte, men så har vi Klæbo, og Johaug tilbake, vi har Jarl Magnus Riiber (kombinert), som har hatt ein fantastisk sesong, og vi har Maren Lundby, seier ho. (©NPK)