NRK lagar førjulsselskap på Nordfjordeid

På luciadagen 13. desember inviterer NRK Sogn og Fjordane til direktesendt førjulsselskap frå Amfi på Nordfjordeid. Blant dei musikalske gjestene er Vilde & Anna, Line Dybedal, Karoline og Sol som spelte "Annie" i musikalen på Opera Nordfjord.

Sendinga går direkte på radio.

Førjulsstemning
- Vi elskar å vere ute og møte folk. Det å ha sending frå der mykje folk er samla, er noko vi har lyst å gjere meir av. Håpet vårt er å skape god førjulsstemning både for dei som kjem innom Amfi, men sjølvsagt også til alle radiolyttarane. Det seier Tone Lin Støfring Skovro og Stian Sjursen Takle som er programleiarar for sendinga. Det er dagsendinga klokka 14 til 17 som skal gå direkte frå Nordfjordeid denne dagen.

Mykje lokal musikk
Blant gjestene som kjem innom studioet er Vilde og Anna. Dei skal framføre både Vintertid og ei heilt ny julelåt. Line Dybedal og Karoline Løken-Nesthun skal framføre den nye songen til NRK Super sin serie «Bli med heim.»  I november spelte Sol Alme Brendefur "Annie" på Opera Nordfjord, no kjem ho med ein liten smakebit til NRK si sending. Dessutan har Eid barnekor lova  å skape luciastemning med eit eige luciatog.

Håpar på publikum
- Vi riggar oss til med studio og scene ved kafeen inne på kjøpesenteret Amfi på Nordfjordeid. Dersom folk har lyst å kome og få litt julestemning blir vi veldig glade, seier programleiarane. For dei som ikkje har høve til å sjå sendinga på Eid, kan ein få den med seg direkte på NRKP1 Sogn og Fjordane.