Dans er ein vesentleg ingrediens i Hair og det var både fart og presisjon i dei mange dansenummera.

Nostalgisk gjensyn med hippiane

– Det var ein fantastisk energi og speleglede dei viste, og det var flott song og dans. Fantastisk bra, sa Gunnar Smådal frå Jølster, etter at premieren på musikalen Hair var over fredag kveld.









Gunnar Smådal har lang fartstid som
dirigent for fleire kor i Jølster. Han var i mange år dirigent for Jølster
musikklag og fredag fekk han sjå barnebarnet Severine Søgnesand i sving på
scena.





Sterke saker





– Eg visste at dette kom til å bli sterkt, så eg tok med lommetørkledet. Det har vore i bruk, sa rektor på Firda, Hallgeir Hansen, då han takka dei mange aktørane etter at «Let the sunshine in» tona ut, og ei svært vellukka premiere på årets Firda-musikal var i boks. Noko av det som imponerte rektoren, og truleg dei fleste andre i salen, var det strålande samspelet og presisjonen som prega førestillinga. Det kan nemleg ikkje vere enkelt å samkøyre så mange, unge aktørar på scena i eit stykke med hyppige sceneskifte, mange replikkar, og der 13 av songane frå den opphavlege musikalen var med.





– Ein musikal krev samarbeid, kreativitet og tolmod, sa rektoren som var både imponert og stolt over det elevar og lærarar hadde fått til.





  Vi
fekk ei førestilling som trollbatt ein heilt fullsett kultursal frå første
strofe og som hadde ei fin stigning frå ein forsiktig start, gjennom ein og ein
halv time med song, dans og musikk. Til det heile eksploderte i ein glitrande
finale der publikum reiste seg og var med på eit fyrverkeri av, lyd, lys og
fargerike kostymer i avslutningsscena der «Let the Sunshine in» nesten løfta
taket av kultursalen.











Tilbake til 60-talet





For alle som hugsar 60-talet, så står
musikalen Hair som noko som på mange måtar var nytt og banebrytande. Musikalen
var eit uttrykk for den veksande motstanden mot Vietnamkrigen, og den
representerte det opprøret mot autoritetar og vedtekne sanningar som starta i
USA og spreidde seg utover.





Hair såg dagens lys i New York i 1967 med ny premiere på Broadway året etter, same året som studentopprøra spreidde seg i Europa. I USA hadde hippierørsla etablert seg på midten av 60-talet og spreidde seg raskt utover verda. I New York heldt hippiane seg i dei store parkane, der dei song fredssongar, røykte marihuana og hasj og elles let humla suse. Dei var stort sett kjenneteikna ved langt hår, fargerike klede og smykke og dei brukte ofte blomster som teikn på fred og harmoni. Det lange håret var ei motvekt mot dei snauklipte amerikanske soldatane, som representerte staten, autoritetane som dei var i mot.





Nyskapande





– Praktiser kjærleik, ikkje krig var hippiane sitt slagord, og eit godt uttrykk for den antimilitaristiske haldninga dei representerte og som kjem til uttrykk i Hair som, naturleg nok, skapte mykje oppstyr, då musikalen såg dagens lys. Det var mange grunnar til at musikalen vart omstridd, men noko kom seg sjølvsagt av den rimelege frimodige språkbruken og fokuset på fri sex, kombinert med marihuanarøyking på scena. Noko anna var sjølvsagt opprøret mot det etablerte, mot foreldre, lærarar og andre autoritetar. Ei nakenscene gjorde det sjølvsagt ikkje betre. Men trass i ein trong fødsel, vart Hair ein formidabel suksess og mykje av musikken frå verdas første rockemusikal vart store slagarar, og mange av songane har vore nytta av fredsrørsla.





Som i originalen, starta også Firda sin versjon av rockemusikalen med Aquarius, denne songen som har blitt legendarisk





Filmversjonen





Førestillinga til Firda-elevane var basert på filmen frå 1979, der handlinga er litt annleis enn i musikalen, men felles for begge er ein av hovudpersonane, Claude, spela av Marie Emilie Viken Oppedal. Claude er ein bondegut som mellomlandar i New York på veg til militærteneste og sidan Vietnam. Han kjem bort i hippiegjengen til Berger i Central Park, og møter ein kultur totalt annleis enn på landsbygda i Oklahoma, der han kjem frå. Berger blir spela av Ive van Oorschot, som leverer ein av dei aller beste prestasjonane i musikalen. Ho leverer vakker song, er stødig på replikkane og opptrer på ein svært scenevan måte.





I hippiegjengen, «Stammen» møter han også overklassejenta Sheila, spela av Cecilie Pleum Lund, som han fattar interesse for. Ei anna av jentene i gjengen blir gravid utan at dei blir einige om kven som er faren. Gjengleiaren Berger ordnar det på den måten at han proklamerer at det ikkje er så nøye med farskapet.





– Det må då vere fint at dette barnet får fleire fedrar og mødrer, seier Berger som dermed ser på barnet som eit felleseige i gjengen, og såleis forkynner litt av filosofien som rår mellom hippiane.





Møtet med Sheila gjer det vanskeleg å reise i militæret, men han reiser likevel til leiren der han skal ha opplæring før turen går til Vietnam. Men det skal syne seg at alt skal ikkje gå som planlagt.











Forviklingar





Etter ei tid får Sheila brev frå Claude
som held til i ein leir i Nevada-ørkenen. Brevet gjer til at gjengen bestemmer seg for å reise og besøke han. Men inn i leiren kjem dei ikkje, ikkje før Sheila, ved dårleg
skulte hint om sex, klarar å lure uniforma frå ein sersjant som blir kledd på
Berger, som dermed kjem seg inn i leiren og møter Claude. Dei to byter plass,
slik at Claude kan kome seg ut og besøke Sheila og vere med på ein fest som
hippiane har planlagt. Men medan dette går føre seg, får militærleiren ordre om
å pakke og gjere klar for avreise til Vietnam. Claude kjem tilbake og finn
tomme brakker medan flyet til Vietnam lettar, med Berger om bord.





Nokre månader seinare er hippiane samla ved grava til Berger på Arlington æreskyrkjegard i Washington. Det er då det utviklar seg til ein stor fredsdemonstrasjon i Washington til tonane av «Let the sunshine inn» og det var også dette som var den fantastiske avslutningsscena til Firda-musikalen.





Godt levert





Vi har sett mange førestillingar signert
lina for musikk, dans og drama på Firda vgs. Kvaliteten er alltid på topp, men
likevel må vi kvar gong stille spørsmålet om korleis det er mogeleg å få til
noko så pass profesjonelt med unge amatørar og med relativt kort tid til å øve
inn ei slik førestilling.





Svaret ligg mest truleg i det faktum at her har det vore eit godt samarbeid mellom talentfulle ungdomar og lærarane på skulen. Det syner att i kostymer, koreografi, scenografi, regi og musikalsk leiing.   Det er lett å slå fast at også denne førestillinga føyer seg inn i rekkja av imponerande produksjonar levert av Firda-elevar. Vi gjer gjerne Gunnar Smådal sine ord til våre: Energi, speleglede og fantastisk song. Her var det mange vi ganske sikkert får høyre meir til.

Mange av songane i Hair har blitt slagarar og mange har blitt brukte av fredsrørsla både i USA og Europa.
For Claude vart det bohemaktige hippielivet i Central Park eit skikkeleg kultursjokk. Framme t.v. Jeanie, spela av Rakel Sørhaug. Ho er blitt gravid, men det er litt uklart kven som er faren.
Mange vil ha Claude som medlem i hippiegjengen og alle knep blir tekne bruk for å få han til å gje opp militæret.
Etter at Claude forelskar seg i overklassejenta Sheila, som er blitt hippie og blir spela av Cecilie Pleum Lund, blir det vanskeleg å reise frå hippiane.
Sjefen for hippiane er Berger som blir glimrande spela av Ive van Oorschot.
Det blir ein heilt annan justis i militærleiren enn det hippiane er vane med og Berger, som har lurt seg inn for å erstatte Claude. får problem med å følgje med.
Hippiane samla ved grava til Berger der dei syng «Let the sunshine in».