Nostalgi på vegane

For både veteranbileigarar og andre interesserte, er veteranbilløpet søndag 26. august ei stor hending. Midt på dagen vert bilane sette i gang i Sandane sentrum.


I regi av Fjæra bluesklubb vert løpet på nordsida av Gloppefjorden gjennomført i år òg. Dette er noko som skaper stort engasjement. Ikkje berre for deltakarane, men òg for publikum som kan studere bilane på nært hald etter målgang.

Bil og blues

Tidlegare var det Odd Svendsen som arrangerte veteranbilløpet, men då han ønskte avløysing, tok bluesklubben på seg å ta over ansvaret. I starten gjennomførte dei løpet i samarbeid med arrangørane for Sandane-dagane, men i fjor stod dei på eigne bein. Dette vil dei òg gjere i år.

– Grunnen til at vi tok på oss dette, var at det gir ei lita inntekt til Fjæra Bluesklubb. I tillegg er det ein flott sjanse til å profilere seg, og informere. Særleg Fjordbluesfestivalen får vi marknadsført under dette løpet, forklarer leiar for bluesklubben, Hans Ole Andenæs.

Rebusløp

Løpet vil som vanleg gå langs Nordstrandsvegen, til Andenes og opp til Nordfjord folkehøgskule, før ein køyrer tilbake til Sandane. Langs ruta er det plassert postar med spørsmål. Andenæs fortel at spørsmåla dreier seg om både bil og allmennkunnskap, så der skal vere noko for dei fleste.

– I tillegg til rebusløpet, stiller butikkar som spørsmålspost etter at løpet er ferdig. Butikkane har då eigne spørsmål til deltakarane i veteranbilløpet, så dei kan fortsetje moroa i sentrum, seier Andenæs.

Ein annleis programpost

– Veteranbilløpet er ei flott mogelegheit til å vise fram bilane sine, møte andre interesserte og snakke om bil. Samstundes er det eit flott tilskot til publikum, då dette er ein programpost som skil seg frå dei andre, og skaper variasjon.

Han fortel at mange tilreisande kjem til Sandane for å delta, saman med dei lokale. Vanlegvis er det rundt femti bilar som stiller.

– I år har vi for første gong sendt ut invitasjon til ulike veteranbilforeiningar, og vi har fått god respons frå mange interesserte. Eg trur dette kan bli eit bra løp, konkluderer Hans Ole Andenæs.

Nye kåringar

I fjor starta dei med kåring av finaste bil i tre klassar; personbil eldre enn 1960, personbil nyare enn 1960, samt nyttekøyretøy og buss. I år vil dei leggje til endå ei klasse, veteranmotorsykkel.

I tillegg til premierte kåringar, får alle deltakarpremie. Både rebusløpet og konkurransen til butikkane har òg eigne premiar. Med fleire kåringar aukar vinnarsjansen, så her er det berre å pusse bilen og melde seg på.

Juryen for kåringane består av fire fagpersonar med tilknyting til bilbransjen eller bilorganisasjonar. Desse nominerer tre bilar frå kvar klasse, men i tillegg får publikum stemme – og avgjere vinnarane.