Home   >   Nyhende   >   Norway Cup skal setje tv-rekord

Det er påmeldt 1.900 lag og 30.000 spelarar frå 50 land til Norway Cup 2018. Totalt skal det spelast rundt 5.000 kampar. Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB scanpix/NPK.

Norway Cup skal setje tv-rekord

Det er aldri blitt TV-overført så mange kampar som Norway Cup skal gjere i år. Totalt rundt 900 kampar vil bli sendt direkte. Det blir både strøyme-TV og tradisjonell TV frå Ekebergsletta og omkringliggjande baner. Cupen startar 28 juli.

Amedia, VG og TV 2 har meldt si interesse for å overføre kampar frå Norway Cup 2018. Og det blir eit stort volum av kampar som då vil bli sett på TV med ulike distribusjonsformer.

– Her får det norske folk med fotballinteresse og stor interesse for å følgje sine håpefulle moglegheiter til å følgje med på kampar frå Norway Cup. Det vil garantert bli ny Norway Cup-rekord i talet på tilskodarar på kampar, TV-sjåarar inkludert, seier generalsekretær Tony Isaksen i Norway Cup i ei pressemelding.

Flest sende TV-kampar via nettet skal Amedia stå for, og kjem til å sende rundt 600 kampar frå Norway Cup. Amedias lokalaviser kjem til å sende kampar med lag som har tilhaldsstad i deira respektive dekningsområde. Amedias lokale nettstader sende også mange kampar frå Norway Cup i fjor – og har rettar til endå fleire kampar i år.

VG kjem til å sende rundt 200 kampar frå Norway Cup på si digitale plattform. VG er for første gong inne med rettar til Norway Cup.

Både Amedia og VG kjem til å satse på strøyme-TV under Norway Cup.

TV 2 sender både på tradisjonell TV og strøyme-TV via TV 2 Sumo. Dei kjem til å vise drygt 60 kampar, inkludert finalar. I tillegg sender TV 2 daglege magasin pluss opningskonsert.

Det er påmeldt 1.900 lag og 30.000 spelarar til Norway Cup 2018. Totalt skal det spelast rundt 5.000 kampar. Lag frå totalt 50 nasjonar vil vere representerte i årets utgåve av Norway Cup. (©NPK)