Breimsbygda vann gruppa si og møter i sluttspelet

Norway Cup er i gang

Verdas største fotballturnering for barn og unge startar denne helga og som vanleg er det med lag både frå Gloppen og Jølster.

STIL stiller med to lag, eitt gute- og eitt jentelag, 14 år. Breimsbygda har med eitt gutelag, 14 år, medan Jølster stiller med eit gutelag 15/16 år. Alle spela første kampen i dag søndag.



Alle vann

Turneringa starta på beste måte for "våre" lag og alle vann sine kampar i dag. Første ute var jentelaget til STIL som slo KFUM-Kam Oslo 3-1. Seinare følgde gutelaget opp med kalassiger, 8-1 over Blindheim.

Jølster hadde Nordre Fjell som motstandar i sin kamp og vann 2-1, medan Breimsbygda sitt gutelag slo Stord 4-0.

Jølsterspelarane får sine instruksar før dei skal ut i sin førse kamp. (Foto: Bjarte Årdal)
Jentelaget til STIL rauk ut mot Førde i sektandedelsfinalen i dag. Foto: Kevin Skinlo-Denton