Petter Northug har mellom anna vore i Seiser Alm i Italia for å trene seg opp før VM-sesongen. Foto: Cornelius Poppe/NTB scanpix.

Northug knuser bok-konkurrentane

Petter Northug er i ein eigen klasse blant mange sportsbøker i haust. Langrennsprofilen sel så det gnistrar.


Få dagar etter utgivinga i slutten av oktober gjekk boka «Min historie» (skriven av Jonas Forsang) om Northug inn på bestseljartoppen til bokhandlarane.


– Eg hadde nesten gløymt kor godt det følast med ein førsteplass. Dette er inspirerande, var Northugs kommentar til NTB om suksessen.


Boka er no oppe i eit opplag på 62.000. Den er nyleg seld til Estland, er ute på marknaden i Finland og skal snart også lanserast i Sverige, alle tre land med sterk langrennstradisjon.


NTB har bedt om ei salsrangering frå Bokhandlerforeningen for til og med førre veke. Dette gjeld sal i heile 2018, og utgjevingstidspunktet kan spele inn.


«Min historie» ligg på åttandeplass i kategorien sakprosa. Der toppar Thomas Erikssons «Omgitt av idioter».


Det er langrenn også nærmast Northug blant sportsbøkene. Oddvar Brå-prosjektet «Oddvar Brå – et skiløperliv» (forfattar Thor Gotaas) ligg på 32.-plassen.


Løparfamilien Ingebrigtsen er blitt eit norsk fenomen etter TV-serie og storsuksess på friidrettsbana. Pappa Gjerts «Kunsten å oppdra en verdensmester» ligg som nummer 65.


Fotballprofilen Bernt Hulsker fortel om sitt liv og karriere i «Alt fra Hulken» og kjem inn som nummer 79.


Otto Ulseth har skrive historia om fotballtrenaren Nils Arne Eggens liv og karriere i «Nils Arne – et liv i svart og hvitt». Den ligg førebels på plass 91. (©NPK)