Faksimile frå Ricco Vero si nettside.

Norsk kleskjede viruskonkurs




Den norske kleskjeda Ricco Vero er konkurs som følgje av koronaviruset.


Konkursbuet til Ricco Vero AS vart opna 2. april, skriv Dagens Næringsliv.


– Det kjem hovudsakleg av koronaen. 12. mars stengde Noreg, og sidan det har vi ikkje selt noko, seier hovudeigar Finn Einar Kvamme til avisa.


Han fortel at dei sidan denne datoen har tapt omkring 10 millionar kroner i omsetnad.


– Sjølv om vi sparer og permitterer, så har vi kjøpt inn for heile det første halvåret. Lønnskostnadene våre er 15 prosent, og det er varekostnader som er den store utgifta, seier Kvamme.


(©NPK)