Norsk Countrytreff 2020 er avlyst

På grunn av det statlege forbodet mot arrangement som samlar meir enn 500 personar, blir det ikkje arrangert Norsk Countrytreff i 2020.

- Vi er leie oss for at vi ikkje kan ha festival i år, men vi støttar styresmaktene si avgjerd om at helse og tryggleik må kome først, seier festivalsjef Arve Kleppe i ei pressemelding.

Kulturminister Abid Raja melde 25. april at det er forbod mot arrangement med meir enn 500 personar fram til 1. september. Det er førebels ikkje klart kva regelverk som vil gjelde for arrangement som samlar færre enn 500 personar.

- Å gjennomføre Norsk Countrytreff seinare på året, eller gjere tiltak for å tilpasse noko for færre publikumarar ser vi dessverre som umogleg, seier Kleppe.

Då festivalen vart arrangert for 25. gong i 2019, var det nær 17 000 besøkande dei dagane festivalen varte. På programmet under årets festival stod mellom anna Carlene Carter, Billy Bob Thornton and the Boxmasters, Hellbillies, Vassendgutane og ei rekkje andre norske og internasjonale artistar.

Festivalleiinga jobbar no opp mot festivalen 2021, og lovar å kome sterkt tilbake då. For dei som har kjøpt billett til festivalen i 2020 kan dei enten få refundert pengane eller ein verdikupong som kan nyttast seinare.