«Norge nå» til Hyen

Frå måndag til torsdag komande veke skal «Norge nå» på NRK1  sendast frå Sogn og Fjordane. 

Programleiar Rune Nilson og Silje Guddal i NRK Sogn og Fjordane reiser fylket rundt med direktesendt fjernsyn i beste sendetid.

Måndag kveld skjer sendinga frå Lotteri- og stiftingstilsynet sine lokale i Førde. Tema er spel og tipping.

Tysdag kveld reiser duoen til Hyen og Brødrene Aa. Der er arbeidsinnvandring tema. Sendinga frå Hyen startar kl. 20.25.

Onsdag er temaet skule, medan toppturar fyller sendinga torsdag.