Heim   >   Nyhende   >   Noreg dominerer på cruiseliste

Geiranger ligg på 10.-plass over dei mest populære cruisedestinasjonane i verda. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK

Noreg dominerer på cruiseliste

På lista over dei ti mest populære cruisedestinasjonane i verda har Noreg fire plassar.

Kvart år kårar Cruise Critics dei ti mest populære cruisedestinasjonane i verda. Det gjer dei gjennom rangeringar og tilbakemeldingar frå brukarane av nettsida. Noreg er i år på fire av ti plassar, skriv VG.

Cruisedestinasjonane Flåm, Eidfjord, Oslo og Geiranger er dei som har kome med på lista. Øvst på lista er franske Avignon, følgt av Bora Bora.

I fjor var ikkje Noreg på lista i det heile tatt.

Topp-ti-lista ser sånn ut

1. Avignon, Frankrike

2. Bora Bora

3. Glacier Bay, Alaska

4. Wien, Austerrike

5. Singapore

6. Kirkwall, Skottland

7. Flåm, Noreg

8. Eidfjord, Noreg

9. Oslo, Noreg

10. Geiranger, Noreg

(©NPK)