Pressefoto.

Nordstrandsløpet går av stabelen søndag

Søndag 29. september vert det årlege Nordstrandsløpet arrangert, med Fjellhug/Vereide IL som tilskipar.

Dette er også siste løpet i Nordfjordkarusellen, og dermed vil det bli premieutdeling for karusellen etter løpet.

Løypa har som vanleg start frå Nordfjord folkehøgskule, og går inn vegen mot Sandane, der ein snur på Hauge, og tek same veg tilbake. Løypa er totalt 6,7 km, med ein flat og fin løypeprofil.

Alle frå tolv år og oppover kan delta i konkurransen. Aldersklassane er 12-15, 16-18, 19-22, senior, og veteranklassane. Det vert litt premiering på loddtrekking, samt medaljar til alle som fullfører.

Som vanleg er der også lagt inn eigen trimklasse, utan tidtaking. Vi håpar at mange legg søndagstrimturen til Nordstrandsløpet, det kan også vanke ein premie sjølv om du ikkje spring på tid.

Nordfjord folkehøgskule er medarrangør på løpet, og Nordstrandsløpet har alltid hatt ei fin ramme og stor stemning. Folkehøgskulen stiller med mange deltakarar, og dei er, saman med Fj/Vereide IL, gode arrangørar.

Det går mot slutten av ein sesong der Fjellhug/Vereide IL har hatt mange arrangement. Laurdag 5. oktober går det siste, nemleg Gloppen Halvmaraton. Idrettslaget håpar på god deltaking på begge desse to siste arrangementa.