Det er ikkje sikkert nordmenn legg igjen like mykje pengar på• noregsferien i sommar som dei ville gjort pv• utanlandstur. Her campar ein ung mann ved Gjevillvatnet i Oppdal, eit rimeleg overnattingsalternativ. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Nordmenn kuttar i reisebudsjettet for sommaren

Medan nordmenn gjer seg klare for sommar i eige land, reknar nesten fem av ti med å bruke mindre pengar i år. Ikkje sidan 2013 har feriebudsjettet vore lågare.


Det viser ei undersøking som Ipsos har gjort på vegner av DNB.


Kansellert eller avbestilt

* Nesten halvparten (45 prosent) av dei spurde seier dei skal bruke mindre pengar på ferie denne sommaren enn i fjor. Det er dobbelt så mange som tidlegare år. 40 prosent reknar med å bruke omtrent like mykje som i fjor, medan 5 prosent anslår at dei vil bruke meir.


* I snitt planlegg respondentane å bruke 13.411 kroner på årets ferie.


– Ikkje sidan vi byrja målinga i 2013 har beløpet vore lågare. Til samanlikning var beløpet på 19.841 kroner i 2019 og 22.090 i 2018, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.


Nærare tre av fem seier at den planlagde sommarferien har vorte kansellert eller avbestilt, som følgje av korona. 25 prosent gir ein vanskelegare økonomisk situasjon som årsak til at ein må avlyse eller gjere om på årets ferieplanar.



Håper folk nyttar tilbodet

På grunn av reiserestriksjonane har regjeringa oppmuntra nordmenn til å dra på noregsferie. Direktør Astrid Bergmål i Virke Reiseliv trur ikkje nødvendigvis det er automatikk i at folk som avlyser utanlandsferien, bruker pengane i Noreg i staden.


– Vi håper jo at flest mogleg har lyst å reise i eige land og bruke det kommersielle reiselivstilbodet, som hotell og aktivitetar, seier ho til NTB.


Ho trur likevel ikkje at ferierande nordmenn åleine klarer å redde inn inntektstapet reiselivsbedriftene får når utanlandske turistar avlyser sine noregsturar.


– Mange nordmenn har vanlegvis hatt både ein tur i Noreg og ein tur i utlandet i sommarferien. Det er ikkje gitt at dei utvidar noregsferien sin når utanlandsturen ryk, seier Bergmål.



Rimelegare alternativ

DNBs undersøking viser at dei som er påverka økonomisk av koronasituasjonen, i snitt planlegg å bruke 11.992 kroner på årets sommarferie, medan dei som ikkje er rørte, legg opp til eit feriebudsjett på 14.328 kroner. Dette er framleis ein god del lågare enn fjoråret.


– Når folk reiser i eige land, nyttar dei ofte høvet til å besøkje venner og kjende eller å dra på hyttetur. Og dermed bruker dei gjerne mindre pengar enn dei ville gjort i utlandet. Men vi håper sjølvsagt at flest mogleg vel å feriere i Noreg på ein litt annan måte i år – og prøver ut meir av tilbodet, seier Bergmål i Virke.


Før helga gjorde regjeringa det klart at reiseråda om å unngå ikkje-nødvendige utanlandsreiser blir haldne oppe fram til 20. august.


Allereie før avgjerda vart offentleggjort, viste ei undersøking Respons Analyse utførte for Sparebank 1 at berre 5 prosent av dei spurde hadde tenkt seg til utlandet i sommar.


64 prosent av dei spurde svarte at reiseplanane for sommarferien var endra.


(©NPK)