Foto: Tore Meek/NTB scanpix/NPK.

Nordmenn kjøper få klede brukt

Gjenbruk blir ofte omtala som trendy. Ein ny rapport viser derimot at vi kjøper mindre enn eitt brukt plagg i året.


I Noreg har vi eit høgt forbruk av klede, og i gjennomsnitt har kvar nordmann 359 plagg i skapet ifølgje SIFO. Ein ny rapport viser kor mykje klede vi kjøper, korleis vi skaffar oss dei og kva vi gjer med kleda når vi ikkje lenger brukar dei.


Forskar Ingun Grimstad Klepp, som står bak undersøkinga saman med SIFO-kollega Kirsti Laitala, sår tvil rundt bildet av gjenbruk som trendy.


– Det er lite i vårt materiale som tyder på det. Rett nok er interessa for gjenbruk større blant dei unge enn blant andre, men heller ikkje i denne gruppa er kjøp av brukte klede omfattande, seier Klepp i ei pressemelding.


Rapporten viser at kjøp av brukte klede ikkje er nokon viktig del av det norsk klesforbruket i dag. Den store merksemda rundt bruktklede kan derimot endre dette, meiner forskarane.


– I seg sjølv er merksemda positiv fordi den fortel befolkninga at gamle klede kan vere like fine som dei nye. For miljøet er dei kleda som du allereie har i skapet dei som er dei beste, seier Klepp.


(©NPK)