Skiløparar i finvêret ved Gravdalen på fjellet mellom Kvam og Vinstra i Gudbrandsdalen måndag ettermiddag. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Nordmenn går mindre på ski enn før



Nordmenn går framleis mykje på ski, men dei siste åra har det faktisk vorte mindre populært – særleg langrenn, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).


SSB har samanlikna tal frå 2011, 2014 og 2017. Desse er henta frå Levekårsundersøkinga, som mellom anna kartlegg dei føretrekte fritidsaktivitetane til nordmenn.


– Skiturar på under tre timar er framleis den meste populære skiaktiviteten, men delen som svarte at dei gjekk minst éin kort skitur har det siste året gått ned frå 42 prosent i 2011 til 34 prosent i 2017, fortel Kristina Strand Støren i SSB sin seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk.


For lengre skiturar på over tre timar har delen gått ned frå 29 til 23 prosent frå 2011 til 2017. Færre køyrer òg alpint, snowboard og telemark, men her er nedgangen svakare – så lite som 3 prosentpoeng til 21 prosent. (©NPK)