Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Nordmenn drakk mindre mjølk i fjor

Kvar nordmann drakk to liter mindre mjølk i 2019 enn i 2018. Salet har gått jamt nedover dei siste ti åra.


Tal frå Melk.no gitt att i Nationen viser at salet av søtmjølk gjekk frå 364 millionar liter i 2018 til 355 millionar liter i 2019. Mjølkesalet har gått ned med 50 millionar liter totalt på ti år. Totalt fekk VI i oss 81 liter mjølk i fjor, melder Landbruk24.


Bent Myrdahl, administrerande direktør i Q-Meieriene, påpeikar overfor Nationen at salet av andre meierivarer har auka i fleire år, men at det no har stagnert.


– Vi brukar mjølka på ein annan måte, og vi må vere kreative som bransje, seier han til Nationen.


Også Tine seier at dei jobbar for å finne nye produkt og redusere kostnadene.


Statistikken for meierivarer utanom mjølk viser at vi mellom anna kjøper mindre ost og yoghurt enn før, medan det har vore ein minimal oppgang for rømme og smør.


(©NPK)