Nordfjordkvinne svindla NAV

Ei kvinne i førtiåra er i tingretten dømd for å ha oppgjeve for få arbeidstimar på meldekorta ho leverte til NAV, og slik ha fått utbetalt nær 240.000 kroner meir enn ho hadde rett på.

Kvinna er funnen skuldig i å i to periodar å ha sendt inn meldekort kvar fjortande dag til meldekortsentralen i NAV utan å ha opplyst om alle timane ho arbeidde.

Handla med forsett

Kvinna var tiltala for to tilfelle av trygdebedrageri og to tilfelle av falsk forklaring. I Sogn og Fjordane tingrett tilstod kvinna då ho forklarte seg. Ho forklarte at ho melde seg arbeidsledig i 2011, og at ho etter at det var fatta vedtak om dagpengar, leverte meldekort i nær eitt år nesten utan å føre opp nokon av timane ho faktisk arbeidde.

Eitt år gjekk, og så kravde ho dagpengar på nytt. Denne gongen fekk ho utbetalt arbeidsløysetrygd i nesten to år, fram til midten av oktober 2015. Tilsette i NAV tok denne hausten til å forstå at kanskje ikkje alt stemde hos kvinna, og at det kunne vere betalt ut for mykje pengar.

Kontakta arbeidsgjevar

Sakshandsamarar i Nav sette seg ned og gjekk gjennom dei innleverte meldekorta, og sjekka opplysningane mot det arbeidsgjevarane kunne fortelje om kor mykje ho hadde arbeidd. I retten forklarte kvinna at ho førde feil tal timar med vilje til eiga vinning. Allmennpreventive omsyn står sterkt i saker som gjeld trygdemisbruk. Systemet er basert på tillit, og risikoen for å verte oppdaga er avgrensa. Eit bedrageri av denne storleiken, 239.852 kroner, vert vanlegvis straffa med fengsel. Kvinna er òg dømd for bedrageri to gongar tidlegare.

Sidan kvinna er mor til barn med særlege behov, vart dette teke omsyn til i straffeutmålinga. På grunn av kvinna sin livssituasjon, gjekk det lang tid frå NAV melde saka til politiet til avhøyr vart gjennomført. Kvinna vart dømd til 60 timar samfunnsstraff og til å betale tilbake 28 679 kroner til NAV.