Nordfjord folkehøgskule med rekordinnsamling

Elevane ved Nordfjord Folkehøgskule har dette skuleåret vore engasjerte på ulike måtar for å samle inn pengar til eit internasjonalt bistandsprosjekt i Nepal.

Resultatet er berre imponerande, heile 383.717 kroner har dei klart å samle inn.

Har samla inn tre millionar

Elevane har deltatt i solidaritetsløp der elevane skaffa sponsorar. Vidare har dei tilbydd hjelp til julevask rundt om i Gloppen, der mange fekk vaska hus eller fekk hjelp med andre oppgåver. Andre aktivitetar er auksjonar, kafédrift, serveringsoppdrag og hårklipp.

Nordfjord folkehøgskule har gjennom dei siste ti åra samla inn over tre millionar kroner til bistandsprosjektet. Pengane har gått til Okhaldhunga sjukehus i Nepal som er drive av Normisjon. Det meste av dette har gått til pasientstøttefondet, som hjelper pasientar utan betalingsevne å få helsetenester. Ein har også bygd opp ein mødreventeheim og klart å etablere ein sjukepleieskule.

Regionstyreleiar i Normisjon i Sogn og Fjordane, Svein-Ottar Sandal, tok imot den store sjekken under avslutningsfesten på folkehøgskulen og takka hjarteleg for pengane og lova å bruke dei til menneske i Okhaldhunga-området som verkeleg treng gode helsetenester. Han var sterkt imponert over den innsatsen elevane har vist ved å samle inn dette rekordstore beløpet.