17. mai-feiring i Tromsø. Byen har så langt i år ikkje hatt temperatur over 10 grader, men det kan endre seg i helga. Foto: Rune Stoltz Bertinussen/NTB scanpix/NPK.

Nord-Noreg får det beste helgevêret

Medan temperaturane søkk og det kan bli gråvêr i Sør-Noreg i helga, kan Nord-Noreg vente seg både finvêr og meir varme.


Temperaturaukane vil kome i Nordland fredag og så gjennom helga bre seg oppover i heile landsdelen, ifølgje vakthavande meteorolog Marit Berger ved Meteorologisk institutt.


– Det er ikkje snakk om 20 grader, men kanskje tosifra tal plussgrader. Det har dei ikkje hatt i Tromsø så langt i år. Dei har ikkje vore bortskjemde med varme, fortel meteorologen til NTB.


Det er frålandsvind, og då blir det som regel ganske bra vêr – òg denne gongen. Unntaka kan vere indre strøk, der det kan bli skya, og dessutan i sørlege delar av Nordland laurdag og kanskje søndag.



Lågtrykk i sør

I Sør-Noreg vil eit lågtrykk dominere. Temperaturen vil frå fredag gå noko ned frå kva han har lege på i dagane føre. Det blir òg skya vêr og nedbør, aller mest på Vestlandet. Særleg på Vestlandet vil det blåse. Førebels tilseier varsla opp i kuling, men dette kan endre seg.


Temperaturane i låglandet blir venta å liggje rundt 10 grader. I fjellet er temperaturen slik at nedbøren kan kome som snø.


– Så ser det ut til å bli litt varmare att i starten av neste veke, iallfall austanfjells. Litt meir usikkert i vest, seier Marit Berger.



Fare for grasbrann – og skred

I snøfrie område er det sendt ut varsel om gras- og lyngbrannfare, men dette vil truleg bli betre med nedbøren som kjem i helga.


Det er òg ganske stor snøskredfare fleire stader. Med temperaturauke fram mot helga er faren venta å auke. Når det blir varmare i nord, kan han òg auke der. Dei som tenkjer på å ta seg ein topptur, bør sjekke varsla på Varsom.no , rår meteorologen.


Trøndelag blir liggjande litt mellom vêret i sør og nord, og der blir det litt av kvart, ifølgje meteorolog Berger. Mellom anna vil temperaturane fredag halde seg noko høgare enn i resten av Sør-Noreg.


(©NPK)