Gloppen: 123 elevar starta i helga på eit nytt og innhaldsrikt år ved Nordfjord folkehøgskule. – Det er litt færre elevar enn i fjor, men det femte beste elevtalet nokon gong. I år har vi også hatt ventelister på nokre linjer, seier rektor Tore Humstad.

Nomil har teikna kontraktar for over 50 mill. kroner

Den klart største kontrakten gjeld innsamling og transport av hushaldningsavfall, med andre ord det vi abonnentane leverer i bossdunkane våre i tillegg til sekkane med plast. Det gjeld matavfall, våtorganisk avfall, papp/papir og plastemballasje frå rundt 11.600 abonnentar. Det skal transporterast til Nomil sitt anlegg i Eidsmona.

I dag har Olav Tenden Transport denne kontrakten som omfattar alle kommunane i Nordfjord. Med verknad frå første juni 2014 tek selskapet RenoNorden over.

– Det var tre tilbydarar. Dei to andre var i tillegg til Tenden, Norsk Gjenvinning Renovasjon, fortel dagleg leiar Svein-Ottar Sandal. Han opplyser at det var lite som skilde mellom RenoNorden og Tenden Transport. I tildelinga av kontrakten var pris vekta med 80 prosent, kvalitet og gjennomføring 20 prosent.

– Med så stor vekt på pris, vart prisen nokså avgjerande. Alle tilbydarane er innan i denne bransjen frå før og har god kvalitet. Vi er godt nøgde med måten Olav Tenden Transport har gjennomført kontrakten på, men i tildelinga har vi måtte følgje spelereglane for anbodskonkurransar, seier Svein-Ottar Sandal

Den årlege kontraktsverdien er om lag 9 mill. kroner eks. mva. Kontrakten gjeld i fem år med opsjon på forlenging. Verdien er såleis rundt 45 mill. kroner.

Les meir om Nomil i måndagsavisa.

Dagleg leiar Svein-Ottar opplyser at Nomil har teikna kontraktar for over 50 mill. kroner.