Stardalen mannskor, Olav Stedje, Oddvar Torsheim og musikarar i aksjon i Hyen i oktober. No blir «Vi vandrar saman i Nynorskens skog» sett opp i Førde og Sogndal. Foto: Aadne Gloppestad.

No vandrar dei igjen saman i Nynorskens skog

Olav Stedje, Oddvar Torsheim og Stardalen mannskor trollbatt 800 tilskodarar på Skei og i Hyen sist dei vandra saman i Nynorskens skog. No er dei klare for ny vandring – og skogen er flytta til Førde og Sogndal.

Dermed er det duka for ny musikalsk hyllest av nynorsken. Konserten «Vi vandrar saman i Nynorskens skog» blir framført i Førdehuset fredag 24. januar og i konserthuset i Sogndal kulturhus dagen etter, laurdag 25. januar. Og som sist har dei programvert og kåsør Arve Uglum og dyktige musikarar frå Gloppen med på laget. Og lagleiar er dirigent og musikalsk ansvarleg Trygve Apalset.

Nye storkommunar med nynorsk som samlingspunkt

– Både i Sogndal- og Førde-regionen markerer 2020 inngangen til ein ny æra der sju kommunar skal finne saman i to. Der trur eg det blir mange vanskelege val, tøffe prioriteringar og heftige diskusjonar. Men ein ting kan alle samlast om – nynorsken. Den er viktig for begge regionane. Då må det vere ein perfekt start på samarbeidet å bli med på vandringa i Nynorsken skog, seier prosjektleiar Steinar Sægrov i ei pressemelding.

Og han får følgje i påstanden om nynorsken si viktige rolle av tidlegare redaktør i Sogn Avis og fersk redaktør i Nynorsk pressekontor, Jan Inge Fardal. Han såg ei av dei to framsyningane på Skei tidleg i oktober, og er imponert av det han såg og høyrde:

– For meg var det ei sterk og heilt spesiell oppleving å sjå Oddvar Torsheim som den figuren har er, Arve Uglum sin måte å binde det heile saman, og så Olav Stedje, då. Akkurat den framsyninga var spesiell fordi han hadde mist mor si dagen før. Men han fullførde, og det gjorde konserten til ei spesielt sterk oppleving for meg personleg. Men uansett er dei saman med mannskoret, Torsheim og Uglum sydde saman på ein måte som rekk langt utanfor Sogn og Fjordane, seier Fardal.

Han er ikkje i tvil om at ei slik satsing er viktig profilering av nynorsk og nynorske tekstforfattarar:

– Den løfter fram musikalske og litterære verk på ein ny, spennande og positiv måte. Totalt blir det ein halvannan times hyllest av nynorsken, seier Fardal.

Krevjande satsing

I januar for nær nøyaktig eitt år sidan starta mannskoret øvingane til det som skulle bli eit ni månader langt svangerskap.

– For oss har dette vore ei krevjande satsing. Og vi hadde på ingen måte planlagt at det heile skulle ta av slik. Utgangspunktet var noko vi skulle framføre lokalt. Difor valde vi Hyen og Skei den gongen, og først då eg fekk oppleve konserten med alle dei 41 personane som var engasjerte under generalprøva tidleg i oktober, såg eg heilskapen på det vi hadde vore med på å skape. Det var ei stor oppleving, og då håpte eg at publikum ville få litt av den same opplevinga, seier Sægrov.

Og både billettsal og tilbakemeldingar viste at det var tilfelle. Dette var også grunnen til at koret valde å satse på konsertar både i Sogndal og Førde. Så langt tyder responsen på at det har vore rett. Både i Førde og Sogndal er det i ferd med å bli få ledige plassar.

– Eg trur faktisk vi kan få like mange tilskodarar der som på dei tre første konsertane, seier prosjektleiaren.

Sjølv er han ikkje i tvil om at dette ikkje hadde vore mogleg utan å ha Trygve Apalset som dirigent. Han er ein kapasitet av dei sjeldne, og har også vore ein viktig døropnar inn mot musikkveteranar frå Gloppen. Dei held høgt musikalsk nivå, og bidreg til å heve koret – og solistane, seier Steinar Sægrov.

– Tende gneisten

Historia starta hausten 2018 då Stardalen mannskor sat utan dirigent og med svært få medlemmer i koret:

– Vår redning var at vi fekk Trygve Apalset som dirigent. Han ønskte å satse prosjektretta, og det første vart julekonsert i Helgheim kyrkje. Der stilte eit kor på 28 songarar. Det tende gneisten til å satse vidare, og no er 32 songarar med fartstid frå fire ulike kor i Jølster og Gloppen med, seier Sægrov.

Koret har tidlegare framført songar av Oddvar Torsheim, og det har vore eit sterkt ønske om ein konsert med Olav Stedje. Og då både Torsheim og Stedje sa ja på spørsmålet om å bli med, gav tittelen på prosjektet seg nesten sjølv, ifølge Sægrov.

– Det måtte bli «Vi vandrar saman i Nynorskens skog», og slik vart det, seier han.

I tillegg til songar av og med Stedje og Torsheim, framfører koret også songar med nynorske tekstar signert Edvard Hoem, Geirr Lystrup, Per Sivle, Johannes Kleppevik, Svein Dag Hauge, Ingvar Moe og glopparen Ragnar Sande.