Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   – No må glopparane vakne

Laila Bergheim Ommedal.

– No må glopparane vakne

– No må glopparane vakne, ikkje sitje med hendene i fanget og sjå at vi mister eit tilbod som så mange er avhengige av for å ha ein god kvar- og arbeidsdag, seier Laila Bergheim Ommedal. 

Saman med Sølvi Brandsøy Austrheim har ho starta ei støttegruppe for Firda fysikalsk-medisinsk senter på Facebook. På eit drygt døgn har støttegruppa fått 600 medlemer.

Senteret har søkt kommunen om auka driftstilskot frå 100 til 280 prosent. Om ikkje kommunen imøtekjem dette, vurderer eigar Bertel Rune Kaale å flytte frå bygda og satse vidare ein annan stad. Onsdag var saka oppe i helse- og omsorgsutvalet, som berre delvis vil imøtekome søknaden.

– Det politikarane gjer no, kan bety at vi glopparane som er avhengige av hjelpa vi får på Firda fys-med for å fungere i jobb og kvardag, kan bli skubba nedover og ut av ventelista, seier Bergheim Ommedal.

Torsdag ettermiddag vart det halde eit møte for medlemene i støttegruppa.

– Kring 20 personar møtte på kort varsel og mange fleire ønskte å kome, men hadde ikkje høve.

Laila Bergheim Ommedal fortel at gruppa ønskjer å gje politikarane eit ansikt på alle dei glopparane som står i fare for å miste eit tilbod dei er heilt avhengige av.

– Vi er mange, og vi vil markere oss på Heradsplassen laurdag ettermiddag. Det blir apellar frå brukarar, og vi håpar nokon frå næringslivet vil uttale seg. Alle politikarane i kommunen er inviterte, og dei skal få lov til å seie noko om dei vil.

Initiativtakarane og medlemene i støttegruppa håpar Gloppen kommune vil imøtekome søknaden frå Firda fys-med.

– Kommunen bør gje det tilskotet vi meiner verksemda har rettmessig krav på. Det er 800.000 kroner det er snakk om. Vi er klar over at kommunen er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, men desse pengane vil betale seg inn att i den andre enden, seier Bergheim Ommedal og viser til verdiskapinga Firda fys-med bidreg med til bygda.