Kinn i Flora er blant reisemåla turistane kan besøke når dei får reise som dei lokale. Her med utsikt mot det karakteristiske fjellet Kinnaklova. Foto: Visit FjordKysten.

No kan turistane snart reise som dei lokale

Som turist er det ikkje alltid like lett å orientere seg om ulike kollektivtilbod. Difor går Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland no saman og lanserer konseptet «Travel like the locals».

Kort fortalt handlar det om at eksisterande buss-, båt-, tog- og ferjeruter skal bli meir synlege, attraktive og lettare å booke, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Konseptet vart utvikla av Møre og Romsdal fylkeskommune i 2016 og har vore ein suksess der. Det første året hadde dei 2600 reisande, medan det i fjor var nær 8000 passasjerar som reiste som dei lokale i nabofylket i nord.

 Tilbyr ferdige turar

Marit Holen har vore tett på prosjektet i Møre og Romsdal og er hyra inn som prosjektleiar når tilbodet no skal på plass i tre nye fylke.

– Viss ein ikkje berre vil reise raskaste veg frå A til Å, men heller ønskjer ein rundtur eller å ta ein omveg innom ein turistattraksjon, så er det ikkje alltid lett å finne ut korleis ein gjer det med offentleg transport. I «Travel with the locals» tilbyr vi ferdige turar, som reiselivet kan marknadsføre og som turistane kan bestille både på nett og hjå utvalde utsalsstadar, fortel Holen.

 Kan kjøpe turar frå mai

Tilbodet skal vere klart til turistsesongen 2019, og arbeidet er no inne i ein praktisk fase. Fylkeskommunane har samarbeidd med reiselivsnæringa ved destinasjonsselskapa om å velje ut kva turar turistane skal få tilbod om å reise som dei lokale. Om lag 50 turar blir tilgjengelege i dei tre fylka. Målet er å ha turane tilgjengelege for sal i løpet av mai.

Døme på turar som kjem for sal i Sogn og Fjordane er:


  • Rundtur med båt frå Florø til Kinn. Denne turen er også mogleg å starte med buss frå Førde.

  • Rundtur i Nordfjord: Start i Stryn, vidare til Nordfjordeid, Sandane, Byrkjelo og tilbake til Stryn.

  • Busstur frå Sogndal til Breheimssenteret og Nigardsbreen og tilbake.


Oppretthalde kollektivtilbodet

«Travel like the locals» tek utgangspunkt i eksisterande ruter og utnyttar ledig kapasitet.

– I tillegg til å gjere det enklare for turistar å reise kollektivt, vil konseptet også kunne bidra til å få fleire reisande på buss- og båtruter som ikkje har så stort belegg. Slik kan det bidra til å oppretthalde kollektivtilbodet i distrikta, seier assisterande fylkesdirektør for samferdsle, Øystein Hunvik.

Reiselivsnæringa har i fleire år vore oppteken av at kollektivtrafikken kan bli betre tilpassa og meir tilgjengeleg for tilreisande. «Travel like the locals» er eit forsøk på å gjere noko med dette.

 Berekraftig produkt

Det er eit uttalt mål i verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane at vestlandsregionen skal vere eit miljøvenleg reisemål og jobbe for ei berekraftig utvikling av reiselivet. «Travel like the locals» kan bidra til dette, ved å vere eit meir miljøvenleg transporttilbod enn om alle skulle reist rundt med bil.

– Destinasjonsselskap og turistkontor får eit berekraftig produkt å selje, og dei som reiser på eiga hand får ei betre moglegheit til å oppleve Vestlandet med kollektivtransport. Stadig fleire turistar ønskjer å sjå reisemålet sitt «frå innsida». Dei vil reise som oss som bur her, og no kan dei det, slår assisterande fylkesdirektør for næring, Endre Høgalmen, fast.