Home   >   Nyhende   >   No får vi også eit streif av hetebølgja frå sør

Foto: Erik Johansen/NTB scanpix.

No får vi også eit streif av hetebølgja frå sør

Det blir litt nedbør over det meste av landet dei neste dagane, ifølgje meteorologane. Mens Sverige kan få varmerekordar, er vi litt meir skåna her til lands.

Her i landet vil høgtrykket frå sør merkast, men temperaturane blir – heldigvis – ikkje noko i nærleiken av dei 44 gradene som i helga vart målt i Lisboa.

Halden kan vente seg opp i 29 grader onsdag, og Kongsvinger ligg an til å få 28 grader. For Oslo sin del ser toppen ut til å bli 25 grader, ifølgje Yr.

– Det er lufta som trekkjer nordover, men ikkje med så høge temperaturar, seier vakthavande meteorolog Tone Christin Thaule ved Meteorologisk institutt til NTB.

– Det passerer litt søraust for oss, fortel ho.

Meteorologen kan elles varsle litt nedbør over det meste av landet dei neste dagane. Måndag er det Vestlandet og fjellområda i sør som får denne, truleg saman med Sørlandet opp mot Telemark. Det er også venta regnbyer frå Trøndelag og nordover.

Regn tysdag

Tysdag er det venta noko regn i mykje av Sør-Noreg.

– Men det blir minst lengst i aust, inn mot svenskegrensa, fortel meteorolog Thaule.

Nordover ventast lettare vêr – med unntak av byer i Finnmark.

Onsdag kan vi altså rekne med høgare temperaturar. Ustabil luft gir regn, og kanskje også tore i sør. Det blir mindre regn frå Stad og Dovre og nordover, men i løpet av dagen er nedbøren venta å trekke opp til Nordland. I Finnmark blir det spreidde byer.

Når det gjeld vind, er det venta nordvestleg stiv kuling på kysten av Aust-Finnmark tysdag.

Sverige ventar rekordar

Sverige slepp ikkje unna heten frå kontinentet, først og fremst lengst i sør. Tysdag eller onsdag kan det bli ny rekord for august i Skåne, skriv Expressen.

Ängelholm, Lund og Eslöv får rundt 36 grader, noko som er nær augustrekorden på 36,8 grader. Andre delar av Götaland kan få opptil 30 grader.

– Det ser ut til at varmen i Spania og Portugal er på veg hit, fortel meteorolog Tora Tomasdottir ved Storm Geo.

Også Finland får merke høgtrykket frå sør, skriv Expressen. Ifølgje Storm er det meldt opp i 27 grader i Helsingfors både torsdag og fredag denne veka. (©NPK)