Heim   >   Nyhende   >   No får du igjen lov å tenne bål i skogen

Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

No får du igjen lov å tenne bål i skogen

Til helga blir det generelle bålforbodet oppheva, og det blir igjen lov til å tenne bål i skog og mark.

Bålforbodet varer frå 15. april til 15. september for å forhindre skog- og lyngbrann. Søndag kan ein dermed ta opp att bålkosen på tur, bortsett frå på dei stadene der det er ulovleg å tenne bål heile året.

– Mange trur det er greitt å tenne bål på svaberg, men det er faktisk ikkje lov, då fjellet kan sprekke opp eller bli misfarga, seier fagsjef Siri Meland i Norsk Friluftsliv.

Ho peikar på at ein alltid bør vere merksam på vind- og vêrforhold og sjekke om det er tørt i naturen rundt der ein vil tenne bål.

– Er du i nærleiken av ei vasskjelde, er det alltid lurt å halde seg nær denne. Det kan òg vere greitt å vere klar over at det nokre stader har lokale bålreglar, seier Meland.