Illustrasjonsfoto: Andres Malm/NPK.

No er det snart slutt for jordbærsesongen

Som følgje av varmen, er det snart slutt på norske jordbær. I store delar av Sør-Noreg er haustinga av bæra allereie avslutta.


Jordbærsesongen i år starta rundt fjorten dagar tidlegare enn normalt på grunn av vårvarmen, det gjer også at han blir avslutta mykje tidlegare, skriv Nettavisen.


– Jordbærsesongen har kome veldig langt, og er nok på hell i store delar av Sør-Noreg. Det blir framleis hausta oppover i Hedmark og Oppland, men i Østfold og Vestfold er det stort sett ferdig, seier Gerd Byermoen, kommunikasjonssjef ved Opplysningskontoret for frukt og grønt.


Nordmenn et i gjennomsnitt rundt tre kilo jordbær i året, og dei som framleis ønskjer seg norske jordbær bør kjappe seg. Likevel er det håp for dei som bur lenger nord.


– Det blir nok mindre jordbær å få tak i utover, men det skal framleis modnast i Trøndelag og Nord-Noreg, så i alle fall dei som bur i dei områda vil kunne nyta jordbær ei stund utover, seier Byermoen til Nettavisen.


Fortvil likevel ikkje om du er glad i bær, for bringebærsesongen vil framleis vare utover sommaren. (©NPK)