Raset var ikkje av dei største, men stort nok til å skape problem for dei som måtte ha,mne i det. Som vi ser er det skispor både inn og ut av raset.

- No er det rasfarleg

Det meiner Rune Årdal som bur like ved eit toppturobjekt, nemleg Øyskaret og Bjørsetfjellet i Årdalen.



Laurdag oppdaga han at det hadde gått snøskred i ein bratt skråning i ned køyringa frå Øyskaret, eit populært turmål.

Sjeldan ras her

Søndag var det skirenn i Årdalen og frå målområdet kunne vi sjå rett opp i raset med skispor både inn og ut i det kanskje 40 meter breie raset.

- Her har det ikkje gått ras sidan 1980, då det kom eit kraftig regnvêr ned i store mengder med laussnø, fortalde Rune som var glad for at det gjekk bra med dei som løyste ut raset. Etter det vi forstår var det ei kvinne som vart med raset, medan turkameraten gjekk klar.

- Folk må vere klar over at det er rasfårleg no og dei bør halde seg langt unna bratt terreng, er oppfordringa frå Årdal. Elles var raset mykje omsnakka under skirennet søndag.

 



 

Rune Årdal oppfordrar skigåarar om å ta omsyn til skredfaren i fjellet for tida.