Illustrasjonsfoto arkiv.

No blir det Mammutsal igjen

Det største samla boksalet i landet, både i talet på titlar, og bokhandlarar og forlag som er med, er rett rundt hjørnet.


Er det nokon bøker du går rundt og ønskjer deg – og som du håper skal kome på sal? Då kan du ha hellet med deg. «Bokskredet» med tittelen Mammutsalet står nemleg for døra.


Måndag 24. februar brakar det laus – med over 800 boktitlar på sal fram til 7. mars. Det er i tillegg 170 ebøker og 19 nedlastbare lydbøker på plass i katalogen.


Dei mest førehandsbestilte bøkene til Mammutsalet 2020 er «Midnattsgjengen» (David Walliams), «Heksene» (Roald Dahl), «Hyttebok frå helvete» (Are Kalvø), «Macbeth» (Jo Nesbø) og «Klompelompes sommerbarn» (Hanne Andreassen Hjelmås og Torunn Steinsland).



Lahlum tilrår debutant

Hans Olav Lahlum sin krimroman «De fems tegn» er òg med på Mammutsalet 2020, noko han er glad for – samtidig som han passar på å gi sine eigne boktilrådingar. Han tilrår mellom anna Susanne Skogstad sin roman «Svartstilla», og grunngir slik:


«En kort roman som gjør et langvarig inntrykk, fordi en ung forfatterdebutant lever seg dypt og sterkt inn i livets siste fase for en gammel enke. Nesten poetisk vakkert – og samtidig svært tankevekkende».


På Lahlums liste står òg ei rekke sakprosabøker, nemleg Heidi T. Skjeseths «Løgn», Thor Steinhovdens «Det amerikanske marerittet», Ole Kristian Grimnes «Norge under andre verdenskrig» og dessutan Torkil Damhaugs krimroman «Den femte årstid», som elles er andre boka til forfattaren som har vunne Rivertonprisen.


På sal under Mammut vil du òg finne kritikerrost krim som «Alt er mitt» (Ruth Lillegraven), «Oxen. Hengte hunder og mørke menn» (Jens Henrik Jensen), «Dronen» (Unni Lindell) og «Kastanjemannen» (Søren Sveistrup).



Romangodbitar

Det er mange romangodbitar på plass, både lite kjende perler og meir kjende titlar, melder Forleggerforeningen.


I sistnemnde kategori finn vi Simon Stranger sin «Leksikon om lys og mørke», Per Petterson sin «Menn i min situasjon», Maria Kjos Fonn sin «Kinderwhore» og Jon Kalman Stefansson sin «Sommerlys, og så kommer natten».


Mammutsalet bygger på ein tradisjon som går 130 år tilbake. Det første salet fann stad så tidleg som i 1885. I 1964 vart Mammut-namnet lansert.


64 forlag og 390 bokhandlarar er med på den store bokmønstringa som blir arrangert av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen.


(©NPK)