- No blir det jubel i heimen

Paul Nygård frå Kandalen stakk av med førstepremien, ein Volvo verd over 400.000 kroner, på Jølster Aurefest laurdag.  

Idealvekta vart trekt til 517 gram, Paul kom nærast med sin aure på 516, fanga på sjølvgraven makk.

- Ein verkeleg god dag og ei topp investering, smilte Nygård etter at namnet hans var lese opp.

Nest nærast, med ein fisk på 508 gram, var Merete Gryttingslien. Ho vann dermed andrepremien, ein båt verd 20.000 kroner.

Tredje nærast var Tor Ivar Amundsen med ein fisk på 529 gram. Han vann eit Aurefest-smykke.

Tyngste fisk og 10.000 kroner vart vunne av Laila Anita Ramstad, med ein fisk på 1379 gram.

Tyngste fisk i bedriftsklassa og vinnar av vandrepremien for eitt år, blei Tom Årdal som fiska for Åsen og Øvrelid. Fisken hans vog 686 gram.

Nesten 1100 fiskarar drog opp totalt 341 fiskar frå Jølstravatnet i dag.