Heim   >   Fylket   >   Ni nye hotell blir med i prestisjetung organisasjon

Visnes Hotel er blant dei nye medlemmene i den prestisjefulle organisasjonen De Historiske Hotel & Spisesteder. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Ni nye hotell blir med i prestisjetung organisasjon

Ni nye hotell og serveringsstadar har fått medlemskap i organisasjonen De Historiske Hotel & Spisesteder.

Organisasjonen fekk inn 46 førespurnader om medlemskap i 2019 og no har ni av dei fått plass, heiter det i ei pressemelding.

De Historiske Hotel & Spisesteder skal opplevast som dei beste representantane for godt vertskap innanfor ei historisk ramme i Noreg. Både blant kundar, i marknaden og i reiselivsbransjen.

Desse hotella, serveringsstadane og historiske skipa er tatt opp som nye medlemmer i Noreg:

Hotel Union Geiranger – Geiranger

Boen Gård, Kristiansand

Eilert Smith Hotel, Stavanger

Visnes Hotel, Stryn

Ringnes Gård, Noresund

Atlungstad Brenneri, Ottestad ved Hamar

Høymagasinet, Oslo

Speilsalen Britannia Hotel – Trondheim

Riskafjord II – Lysefjorden

(©NPK)