Heim   >   Nyhende   >   Netthandel trekkjer opp både omsetnad og resultat for Posten

Konsernsjef Tone Wille under resultatframlegginga til Posten fredag formiddag. Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Netthandel trekkjer opp både omsetnad og resultat for Posten

Posten hadde eit driftsresultat på 177 millionar kroner i siste kvartal i fjor, omtrent ei dobling frå same periode året før. Auka netthandel er forklaringa.

Posten-konsernet la fram resultata fredag føremiddag.

– Vi er fornøgde med utviklinga i 2019. Veksten, spesielt innan e-handelsmarknaden, kjem som følgje av at vi utviklar tenester og digitale løysingar som møter behovet til kundane. Vi har god fart på innovasjonsarbeidet og er i gang med å forme utleveringsnettet i framtida. I fjor utvida vi utleveringsnettverket vårt i Noreg, Sverige og Danmark med nærare tusen nye utleveringsstader, seier konsernsjef Tone Wille i Posten. (©NPK)