Heim   >   Nyhende   >   Nesten ni av ti nordmenn meiner det er greitt med redusert påskeferie for å avgrense koronasmitte

Illustrasjonsfoto.

Nesten ni av ti nordmenn meiner det er greitt med redusert påskeferie for å avgrense koronasmitte

Vengeklipt påskeferie er ein akseptabel pris å betale for å avgrense faren for koronasmitte, meiner nesten ni av ti nordmenn.

Det kjem fram i ei måling gjort av Norsk koronamonitor, som vart gjennomført onsdag. I målinga aksepterer nordmenn flest at det blir ei annleis påske som følgje av koronaviruset.

– Sjølv om påska i år ikkje blir ståande igjen som eit høgdepunkt og at fotoalbum blir fylt med bleike og desillusjonerte ansikt i sofaen, så har nordmenn falle til ro med at ei skadelidande påske, trass alt, er ein akseptabel pris å betale i ånda til dugnaden, seier seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion AS.

Dei aller fleste trur at avgrensingar på påskeferien til nordmenn er med å dempe spreiinga av koronaviruset, ifølgje målinga.

– Ein føresetnad for at nasjonale tiltak skal ha effekt, er at folk flest etterlever tiltaka. Og det gjer folk, viss dei trur tiltaka har effekt, seier Askheim.

(©NPK)