Toralf Årdal leverte varene på feltskytinga

Nesten av Toralf Årdal

Landsskyttarstemnet er i gang og tre av "våre har vore i elden" i dag, fredag. Først ute var Marit Straume Frå Hyen  som innleia på bane med 237 25-skoten. Straume skyt i klasse 1.



Sidan var det veteranane sin tur, og Odd Peter Skinlo i V-65 var den første som fekk resultat. Han skaut den innleiande baneskytinga, men er nok langt frå nøgd med 246, eit resultat som er heilt uvanleg frå den kanten. Skinlo er såleis totalt ute av kampen om ei topp plassering og må no satse alt på feltskytinga.

God felt av Årdal

For veteranane sin del er det stort sett berre fullt hus som gjeld, enten det handlar om bane eller felt. Toralf Årdal frå Jølster som skyt i klasse V-73, var i elden på den innleiande feltskytinga i dag. Der starta han med å skyte fullt hus og 60 poeng på den såkalla minneskytinga som er eit ekstra hald der det blir  skote seks skot på ei tidelt ringskive før den ordinære feltskytinga startar

På den vanlege feltskytinga hadde han 24 treff og 21 innertreff på dei fire første figurane. Det låg såleis an til eit topp resultat, men på siste figuren kom den eine bommen som sende jølstringen nedover listene. Men med ei god finaleskyting neste fredag, kan det likevel bli bra. Årdal fekk 29 treff og 23 av dei innanfor innerstreken på dei 30 unnleiande skota. I finalen skal det skytast 12 skot på to figurar. Peder Holme , Hyen, oppnådde 25/17 på felten. Også han skyt i V-73.

Laurdag skaut Helge Dvergsdal, Jølster, kl. V-55, innleiande på bane og oppnådde 243 noko han er nøgd med. Leiv Reksten, Nordbygda og Rand oppnådde 244 i same klasse.

Vi oppdaterer etter kvart.



 

Odd Peter Skinlo hadde ingen god dag på baneskytinga i dag.