Heim   >   Nyhende   >   Nesten 16.000 nye søknader om dagpengar

Så langt i 2020 er det kome inn totalt 298.500 søknader om dagpengar til Nav. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Nesten 16.000 nye søknader om dagpengar

På tysdag kom det inn 15.900 nye søknader om dagpengar til Nav. Det er nesten 5.000 færre enn dagen før.

Så langt i 2020 er det kome inn totalt 298.500 søknader om dagpengar. I heile 2019 kom det inn 160.500 søknader.

Sidan torsdag 12. mars, dagen mange av dei mest omfattande tiltaka vart innførte for å avgrense smittespreiinga, er det kome inn totalt 259.500 søknader om dagpengar.

Rundt 92 prosent av søknadene gjeld dagpengar ved permisjon.

Nav-tala viser at 45.600 personar innanfor overnattings- og serveringsverksemd har søkt om dagpengar ved permisjon dei siste vekene.

– Hovudvekta av søknadene er innanfor varehandel, overnattings- og serveringsverksemd og private tenester elles, seier Nav-direktør Sigrun Vågeng.

I alt har 56.800 tilsette i varehandelen søkt om dagpengar etter permisjon. Dette utgjer 17 prosent av lønnsmottakarane i varehandelen. I overnattings- og serveringsverksemd er den same delen 48 prosent.

(©NPK)