Nedgang for hjortejakta i Jølster





Det var høve til å felle 567 hjortar i Jølster i fjor, men etter at jakta var slutt 23. desember, var det teke ut 394 dyr. Dette gjev ein fellingsprosent på 69,5.





Dette er ein markant nedgang samanlikna med 2017, både i tal
felte dyr, men mest på fellingsprosenten som då var på 92,6, den nest høgaste
på ti år. I 2008 var fellingsprosenten oppe på heile 96,1.





– For tidleg å konkludere





I 2017 vart det i Jølster teke ut 456 dyr. Det vil seie at
resultatet for 2018 ligg 62 dyr under året før.





– Er hjortebestanden på veg ned, spurde vi naturforvaltar i Jølster, Solfrid Trå.





– Det er det for tidleg å konkludere på. Vi må nok ha litt lenger perspektiv enn éin jaktsesong for å kunne seie noko sikkert om det. Fjorårets resultat er nesten på høgde med felte dyr i 2016. Dette gjeld også dei kommunane vi deler bestandsplanområde med. Elles ser vi vel at målet om 50 prosent høgare uttak i valda lengst aust i kommunen, nok var litt for optimistisk. Det forklarar mykje når det gjeld nedgang i fellingsprosent, seier naturforvaltaren som ut frå data som er komne inn, ser at jegerane i Jølster er på rett veg når det gjeld alder og kjønn i avskytinga.





– Men dei kan framleis skyte meir kalv, er konklusjonen frå naturforvaltaren.





Tre som skil seg ut





Det er tre vald som klart skil seg ut, både når det gjeld
tal felte dyr og fellingsprosent. Det eine er Sørsida, som omfattar Dvergsdal,
Myklebust og Sandalen. Der var det i utgangspunktet høve til å felle 82 dyr, og
det vart felt 81. Dette gir ein fellingsprosent på 98,8. Det andre valdet som
skil seg ut, er Ålhus. Der vart det felt 28 av 25 dyr, som gjev ein
fellingsprosent på 112. Det tredje og siste er Sørside Vest, som omfattar
sørsida av Jølstra frå Vassenden til Førde grense. Der vart det teke ut 42 dyr
av ein kvote på 44.





Når det gjeld fordeling på alder og kjønn, er det spesielt to ting å leggje merke til. Spissbukkar er den kategorien det er felt desidert mest av, og også ungkoller er det mange av i statistikken. Når det så i tillegg er felt 99 kalvar, er ungdyra i stort fleirtal. 253 av dei felte dyra er eitt og eit halvt år, eller yngre. Dette vidarefører den trenden vi såg i fjor, og som også inkluderte at det vart felt fleire eldre koller enn eldre hanndyr.





Når det gjeld slaktevektene, er det små endringar frå året før. Kalvevektene har gått ned, medan yngre hanndyr og eldre hodyr har ein liten auke. Eldre hanndyr og yngre hodyr har same snittvekt som året før.