– Mi oppgåve blir å følgje opp overfor NVE og naturskadefondet, sa Jenny Følling til dagleg leiar i Jølster skisenter, Even Hole.

-Naturskade er eit kollektivt ansvar

– Eg vil ikkje på nokon måte verke sutrete, men no treng vi hjelp. Dette klarar vi rett og slett ikkje aleine, seier dagleg leiar i Jølster skisenter, Even Hole om flaumskadane i skisenteret 31. juli.



Fredag fekk han fylkesordførar Jenny Følling på besøk, og ho var skremd av det ho fekk sjå. På austsida av trekktrasseen har Storegrova, som kjem ned frå Kvamsfjellet, tetta seg, teke nytt løp og frakta med seg store mengder lausmassar.

Store skadar
Heile øvre del av trekktrasseen er øydelagd, det same er dammen som fungerer som trykkleverandør til snøproduksjonsanlegget.
– Vi har ikkje fått takst på skadane, men ventar på folk frå Naturskadefondet. Men det som er klart er at det handlar om millionskadar, seier Even Hole som likevel har ei viss tru på at det skal gå an å få opna anlegget til vinteren. Tekniske installasjonar som skitrekk, snøproduksjonsanlegg og bygningar er forsikra, og skadane der blir dekka på den måten. Men det andre, som løypetrassear og heistrassear let seg ikkje forsikre og må dekkast av naturskadeordningane.



Kva med utmark?
Også Jølster løypelag sine langrennsløyper, som har utgangspunkt i skisenteret er kutta av Storegrova sine herjingar. Nedst i anlegget, rett aust for kafeen og grusbana, var det bygd bru over Storegrova for å skaffe tilkomst til løypenettet til løypelaget. Brua er ei solid betongbru, og den står, men er fullstendig tetta av stein og skog. Her har elva teke seg nytt far på austsida og har herja vidare nedover gjennom skogen. Alt dette er skader i utmark som ikkje automatisk kjem inn under naturskadeordningane, men ordførar Oddmund Klakegg, som var med på synfaringa, meinte at i dette tilfellet må ordningane gjelde.
– Her bør det vere samfunnsøkonomiske grunnar som tilseier at Naturskadefondet må inn for å rydde opp. Vi snakkar om eit anlegg som har mykje å seie for folkehelse og bulyst, sa ordføraren som også opna for ei kommunal forskotering av midlar.
– Vi skal ha formannskapsmøte torsdag, så då kan det bli aktuelt å be om ei fullmakt, var meldinga frå ordføraren som også peika på at Jølster skisenter er viktig for kommunen og regionen og at problema som har meldt seg i etterkant av rashendingane er noko den nye kommunen vil arve.
– Vi blir nok ikkje ferdige med dette i mi styringstid.



Samfunnsansvar
Fylkesordførar Jenny Følling kunne ikkje love pengar, men ho var klar på at samfunnet bør bu seg på meir av det vi fekk sjå 31. juli.
– Slikt som dette har skjedd før og kjem til å skje igjen. Det vi må ha, er eit skikkeleg system som kan fange opp slike situasjonar.

Vi kan ikkje ha det slik at folk risikerer å bli ruinerte etter naturskadar. Det er trong for meir pengar, både til NVE og Naturskadefondet, og dette med naturskade skal og bør vere eit kollektivt ansvar. Den som får slike ekstreme vêrsituasjonar over seg, må ikkje bli sitjande att med rekninga. Mi oppgåve opp i dette blir å følgje opp overfor NVE og Naturskadefondet, sa Følling som sjølvsagt håpa at det blir aktivitet i skisenteret også neste vinter.

 

Her var det for ikkje lenge sidan ei fin langrennsløype. No ser det ut som ei slagmark, men Både Jenny Følling og Oddmund Klakegg er innstilte på å hjelpe skisenteret i krisa dei står oppe i.
Brua over Storegrova som var bygd for å komme til løypenettet til Jølster løypelag, er fullstendig tetta og elva har teke nytt far.
Even Hole, her saman med Jenny Følling.