Home   >   Nyhende   >   Nationen: Avlingstap på 5,5 milliardar for norske bønder

Foto: Halvard Alvik, NTB scanpix.

Nationen: Avlingstap på 5,5 milliardar for norske bønder

Avlingssvikten i landbruket kan føre til eit tap på 5,5 milliardar kroner, ifølgje Nationen. Avisa viser til prognosar gjort av fylkesmenn rundt om i landet.

Nationen skriv at avlingsverdien ved eit normalår ligg på 15,8 milliardar kroner.

Ifølgje berekningane til avisa, gjort i samarbeid med Fylkesmannen i Vestfold, kan verdien i år ende på 10,3 milliardar kroner, noko som betyr at det totale tapet blir på 5,5 milliardar.

Det er eit mykje høgare tal enn dei 1,1 milliardane Landbruksdirektoratet ventar at bønder vil søke om i avlingsskadeerstatning.

– Det er ikkje overraskande, men det er framleis ein del uvisse knytt til talet. Med eit atterhald om korleis dei siste vekene med vekstsesong kjem til å bli, verkar talet rimeleg, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag til Nationen.

Merethe Fureberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag seier til same avis at berekningane er høgare enn dei frå hennar eigen organisasjon.

Ho er likevel sikker på at dei økonomiske tapa kjem til å bli store.

– No er det ein unormal ekstremsituasjon. Staten må komme med ekstra friske middel. Det er tørkekrise i mange land, og det går ikkje å tenkje at ein berre skal løyse heile situasjonen ved import, meiner Furuberg. (©NPK)