Klima- og miljøminister Olva Elvestuen. Arkivfoto: Ole Berg-Rusten/NTB Scanpix/NPK.

Nasjonalt villakssenter er opna

Tysdag vart opprettinga av Nasjonalt villakssenter markert. Det nasjonale villakssenteret blir etablert som ei stifting og vil ha einingar på fire stader i landet. Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana er vertskommunar.


– Vi har eit stort ansvar for å ta betre vare på villaksen i Noreg, og det nye nasjonale villakssenteret skal styrke formidlinga av kunnskap om vill laksefisk. Vi har fått på plass fire gode vertskommunar. Dette senteret blir viktig for den nasjonale innsatsen vår for villaksen framover, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i ei pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.


Elvestuen deltok tysdag på ei markering på Gardermoen for opprettinga av Nasjonalt villakssenter. Senteret skal formidle kunnskap om vill laksefisk, og arbeidet vil omfatte villaks, sjøaure, sjørøye, namsblank og byglandsbleke. Stiftinga nasjonalt villakssenter er oppretta av Miljødirektoratet. Jostein Skurdal frå Lillehammer er styreleiar i stiftinga.


Stiftinga har som føremål «å fremme formidling av kunnskap om de naturlege forutsetningene for den atlantiske villaksens utbredelse, villaksens liv og utfordringer, medreknet dens betydning for tradisjoner og kulturutøvelse».


Regjeringa har føreslått at det blir løyvd om lag 7,6 millionar kroner til det nasjonale villakssenteret i 2020. (©NPK)